Musiker søker andre , Seriøst utøvende

Bassist utanfor Bergen søkjer folk å spela med


Hei! Eg heiter Endre, er 28 år, og bur utanfor Bergen. Eg er på leiting etter nokon å spela med i Bergensområdet, det vere seg hobbyspeling i ein kjellar eller noko meir seriøst - hovudmålet for meg er berre å finna ein samanheng der eg kan spela og utforska musikk saman med andre.

Eg har rundt fjorten års erfaring som (elektrisk) bassist, og har vore innom dei fleste sjangrar - funk, blues, rock, metal, jazz, country, pop, gospel/soul, folk, og meir; difor er eg svært altetande når det kjem til sjanger og stil. I tillegg har eg erfaring både frå konsertframføring og innspeling i studio, samt arrangering og improvisasjon.

Det viktigaste for meg er ikkje kva slags nivå det er på spelinga. Om det er rein hobbybasis går det heilt fint for meg; om det er noko meir fokusert, tilpassar eg meg det. Poenget er berre at eg saknar samspel og høvet til å vera i musikken saman med andre, som eg ikkje har hatt ordentleg høve til dei siste par åra.

Dersom du er på leiting etter ein bassist, eller dersom me kunne ha starta noko saman, må du berre ta kontakt med meg på telefon 902 44 152 (send helst melding) eller epost endringar krøllalfa gmail.com. Eg kan òg senda eller visa til opptak av meg, om ynskjeleg.

Genre
Akustisk, Alternativ, Blues, Country, Disco, Eksperimentell, Folk, Funk, Gitar, Gospel, Heavy Metal, Hiphop, Indie, Jazz, Kor, Latin, Pop, Prog, Punk, R&B, Rap, Reggae, Rock, Ska, Soul, Vise

Kontaktperson:
Endre
(Logg på eller registrer deg for å se e-post og mobil)
Postnr/sted:
Registrert:
12. des 2018

Gi din kommentar